Author bio

Author Image

Marit Eikemo - book author

Marit Eikemo is the author of books: Gratis og uforpliktande verdivurdering, Alt inkludert, Hardanger, Samtale ventar, Mellom oss sagt, Arbeid pågår, Samtidsruinar, Smilefjes, Samtidsruinar : essay, Hjemlandet og andre fortellinger

Author Signature

Author Books

#
Title
Description
01
Hanne har fått nok. Nok av å bu med mann og barn i den gamle, tronge leilegheita, medan alle dei vellykka vennene frå studietida boltrar seg i villa med hage. Men no har draumehuset dukka opp. Romanen følgjer Hanne og mannen Andreas i tida før huset skal seljast. Dei går nøye gjennom prospektet, rom for rom. Samstundes blir samlivet deira kartlagt. Er draumen om huset like mykje eit forsøk på å få forholdet til å henge saman? Kva konsekvensar vil små og store svik frå fortida få for den viktige avgjerda som ligg framfor dei?
02
(Omtale fra forlaget)

Skarpt portrett av Noreg

Agnes og dottera Maja på 6 år flyttar inn i eit hybelhus i eit vanlig norsk nabolag, utan nettverk, venner, pengar eller møblar. Gjennom eit par sommarmånader følgjer vi Agnes i hennar forsøk på å etablere seg. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på finn.no, på leit etter møblar og andre ting dei treng.

I møte med alle dei nye menneska, borna i gata, mammabloggaren, politimannen, organisten og jusstudenten, er det ofte ikkje meir enn ei kvit løgn som skal til for å få ting til å gli lettare. Men snart blir omgangen meir utfordrande, pengane minkar og løgnene blir fleire når skulestart nærmar seg.

Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd - nedlest av ting, på evig jakt etter meir.
03
I eit skur på Kvanndal Kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger – mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider på bestilling, men det går ikkje heilt etter planen.

Novellene i «Hardanger» handlar om å reise bort og om å komme heim, og om å alltid bere med seg staden ein kjem ifrå. Eikemo skriv om det innforståtte og unike i det lokale og om det alle kan kjenne seg att i: fellesskap, vennskap og kjærleik og ambivalensen i relasjonane mellom menneske.
04
38 år gamle Elisabeth Brenner er eks-journalist som har gått på ein smell. Gjennom NAV får ho jobb med å samle dialektprøvar i industristaden Einvik i forbindelse med eit forskingsprosjekt. I Einvik stiller folk seg etter kvart meir og meir tvilande til kven ho er og kva ho driv med. Betre blir det ikkje da ho fattar interesse for den sære, lokale forfattaren Sveinung Sel.
05
Studietida er for lengst over og livet er i ferd med å feste seg for Regine Hansen og venene hennar i Bergen. Fridommen til å velje minkar, fortid og notid flyt i kvarandre og fellesskap smuldrar opp.

Gjennom Regine sin jobb som saksbehandlar i Aetat får vi eit innblikk i liva og lagnadene til folkemylderet ho dagleg omgir seg med. Livets absurditetar trer tydeleg fram.

Mellom oss sagt er ei vittig og skarp, tragisk og sår skildring av venskap og einsemd, om suget etter å høyre til – og om fellesskapets klaustrofobi. Med nittitalet som nært bakteppe, handlar romanen om strevet med å finne seg ein plass i dagens Norge.
06
Harald Strand har pakka koffert og laptop og reist til Costa Blanca for å fullføre dokoravhandlinga si om Henrik Ibsens drama. Men livet i spansk suburbia gjer han meir rastlaus enn produktiv, og borte ved bassengkanten ligg Alice, distraksjon nummer ein.

Dette er ein roman om eit samfunn i økonomisk vekst og moralsk forfall. Det handlar også om einsemd, sorg og begjær - og den kollektive lengsel etter ein plass i sola.
07
Ruinar er ikkje berre gamle steinar. Vi har ruinar rundt oss på alle kantar, og fleire av dei er ikkje ein gong ferdigbygde. Gjennom å oppsøke ulike bygg og anlegg som står til forfalls, freistar Marit Eikemo å seie noko om Norge i dag, og vår nære fortid.

Frå toppen av den morkne Skuibakken i Bærum ser ho etter den norske dugnadsånda. På ein overgrodd kyrkjegard for psykiatriske pasientar på Valen, prøver ho å grave fram namna på gravsteinane. Ein søndag etter ein klassefest tar ho seg ulovleg inn i det som ein gong var verdas største karbidsmelteovn på Smelteverket i Odda. Frå Stamsund i nord til den norske solkysten i Spania vitjar ho stader som vekker minne frå oppvekst og liv, men som også ber fram ulike tankar om fellesskap mellom tider og folk.

Marit Eikemo har eit temperamentsfyllt blikk for rikdomen i spor og detaljar, og for alle samantreff i livet. Dette er skarpe, vittige og utålmodige essays, men også ei bok om det å leve og elske og miste.
08
Erlend Loe ble med Naiv.Super gjort til en talsmann for en generasjon og har siden den gang vært en del av den norske offentligheten. Han har blitt forbundet med begreper som naivistisk og ironigenerasjonen.

Men hvem er han og hva tenker han selv om å være ansvarlig for en generasjons livsanskuelse?

Marit Eikemo, Anders Heger, Kim Hiorthøy & Egil Halmøy, Finn Skårderud og Erlend Loe selv, har i fem samtaler sirklet inn mannen og forfatteren. Her snakkes det om humor, alvor, politikk, om å bli femti år og bruk av smilefjes.
09
Marit Eikemo reiste i 2007 rundt i Noreg for å finne moderne ruinar og nytt forfall. Samtidsruinar fekk strålande mottaking då ho kom ut i 2008, og er ein moderne klassikar innan essay-sjangeren. Nå kjem boka som pocket, i nytt opplag. Kva typar forfall finst i Noreg, kva definerer vi som forfall - og kva seier dette om oss? Ruinane spenner frå Stamsund i nord til den norske solkysten i Spania i sør. Ruinar er ikkje berre gamle steinar. Vi har ruinar rundt oss på alle kantar, og fleire av dei er ikkje ein gong ferdigbygde. Marit Eikemo har eit temperamentsfylt blikk for rikdomen i spor og detaljar, og for alle samantreff i livet. Dette er skarpe, vittige og utålmodige essay, men også ei bok om det å leve og elske og miste. Denne nye utgåva inkluderer eit nyskrive forord av Kaja Schjerven Mollerin.
10
Hva vil det si å være norsk i dag? Kan vi definere noe som norsk, eller finnes det bare individuelle opplevelser av å tilhøre et fellesskap? Finnes det en norsk måte å oppleve verden på, og hva betyr det å være norsk for deg og meg? Redaktørene H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit og Geir Gulliksen har invitert tolv forfattere, som begge verdsetter, til å bidra med nyskrevne noveller og essay med utgangspunkt i disse spørsmålene. Tekstene gir et interessant innblikk i noen av samtidslitteraturens sterkeste stemmer, samtidig som de til sammen tegner et litterært tidsbilde. H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit og Geir Gulliksen er redaktører for denne samlingen skjønnlitterære tekster. Kronprinsessen ble invitert til å være redaktør i forbindelse med at Norge er gjesteland på Bokmessen i Frankfurt 2019, og i kraft av sin rolle som ambassadør for norsk litteratur i utlandet. Hun valgte seg forfatter Geir Gulliksen som medredaktør. Forfattere: Agnes Ravatn, Dag Solstad, Demian Vitanza, Helga Flatland, Karl Ove Knausgård, Maria Navarro Skaranger, Marit Eikemo, Ole Robert Sunde, Siri Hustvedt, Tomas Espedal, Vigdis Hjorth og Wencke Muhleisen.