Author bio

Author Image

Agnes Ravatn - book author

Elev ved Skrivekunstakademiet i årskullet 2004-2005.

Debuterte i 2007 med romanen Veke 53.

Agnes Ravatn is the author of books: Fugletribunalet, Verda er ein skandale, Dei sju dørene, Operasjon sjølvdisiplin, Veke 53, Stoisk uro og andre filosofiske smular, Stillstand, Mensen, Folkelesnad, Ikkje

Author Signature

Author Books

#
Title
Description
01
TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei mulegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis?

I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?
02
Om livet, lykka og eit tilvære på bygda

Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tek Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roe ned i permisjonstida. I eit forfalle småbruk utan Internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen: vennen og forfattarkollegaen Einar Økland.

Verda er ein skandale er stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda. Det handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet.
03
Frå forfattaren av Fugletribunalet!

Litteraturprofessor Nina Wisløff er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste.

Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkje lang tid før politiets etterforsking stansar opp. I det stille begynner Nina å nøste opp i kva som kan ha skjedd, og det ho finn, får store ringverknader.

Dei sju dørene er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit.
04
"For deg som ein gong hadde ei lys framtid, men som no er ein internettavhengig, nevrotisk, dvask og ulykkelig tufs i tidsklemme."

Sjekkar du Facebook på mobilen mens du les godnatthistorier for ungane? Har du konsentrasjonsvanskar og manglande impulskontroll? Ikkje-eksisterande treningsvanar og eit kosthald lagt opp etter innfallsmetoden? Då er denne boka for deg!

Mangel på sjølvdisiplin er eit problem stadig fleire merkar på kropp og sinn. Slik var det òg for forfattar Agnes Ravatn, som i mange år var ein kronisk utsetjande internettslave, med frynsete livsstil og altfor høg kvilepuls. Heilt til ho bestemte seg for å ta eit grep. Resultatet er ein vitskapleg fundert og praktisk guide til korleis du kan gjenvinne viljestyrke og sjølvkontroll. Operasjon sjølvdisiplin er ei gjenkjenneleg og underhaldande bok spekka med råd om korleis du kan bryte dårlege vanar, arbeide konsentrert, få gode rutinar, og meir fritid utan dårleg samvit.

Boka passar like godt for studentar og folk i kontoryrke, som for deg som har vondt for å knyte på deg joggeskoa, eller har ein hang til å småete.

Tekstane i boka byggjer på ein artikkelserie i Dag og Tid.
05
Georg Ulveset er ein middelaldrande, skild lektor som innser at han er misfornøgd med dei fleste vala han har teke i livet, utan at han heilt veit kva han skal gjere med det.


Han innser at han treng ein ny sjanse. Det nærmar seg juleferie, og han fryktar at han blir åleine på julaftan. Før den tid er han pålagd å gå i eit middagsselskap. Dei siste vekene i året byr på mange endringar for Georg, den beste vennen hans blir alvorleg sjuk, og han møter att ein stor kjærleik frå ungdommen. Alt dette medan han freistar så godt han kan å halde på den sjølvironiske fasaden. Denne debutromanen er ein original, humoristisk og sår variasjon over eit kjent tema. Agnes Ravatn (f. 1983) bur og studerer i Bergen.
06
Kva skjer når ein tek med seg stoikarane på skitur og Kierkegaard inn i kjærleikslivet?

Eg som ein gong var så lovande og interessert i verda, ei interesse som verken fjernsyn eller internett kunne forpurre, eg som kunne arbeide uforstyrra i timevis, og som hadde ambisjonar av ein eller annan art. Vita brevis, og dette må snu! tenkte eg der eg sat i min gamle stol. Og svaret kom til meg i same sekund: Her er det berre litt god gamaldags livsfilosofi som kan hjelpe.

Kva er eit godt menneske, og korleis blir ein det? Kva er eit godt liv, og korleis får ein det? I denne underhaldande og tankevekkjande boka dreg Agnes Ravatn ulike filosofiske retningar ned frå tankeplanet og bruker dei direkte på livet sitt. Med hjelp frå Seneca, Sokrates, Platon, Kant og Kierkegaard søker ho svar på nokre av spørsmåla som mennesket har stilt seg til alle tider. Det går ikkje særleg bra.
07
Forfattar, journalist og fanzinemakar Agnes Ravatn samlar no essaya frå Dag og Tid-serien Stillstand i bokform. I denne serien oppsøkjer Ravatn situasjonar der ingenting skjer.

På slentrande vis, iblanda mild sosial angst tek ho oss med til stader i det norske samfunnet som vanlegvis ikkje blir kommenterte, som tingretten, klosteret og talarstolen på 17. mai.

Ravatn er frekk, lur, observant og morosam, og har på kort tid fått ein trufast fanskare. Agnes Ravatn har tidlegare gitt ut Veke 53 og Ikke til hjemlån.
08
Hva er det halve klodens befolkning opplever, men som vi nesten aldri snakker om? Som er såpass pinlig at få vil avsløre at de har det, og såpass fremmed og truende at bilder av det sensureres på Instagram? Hva er det som ifølge flere verdensreligioner gjør deg uren, og som i tillegg fører til avbrutt skolegang for tusenvis av jenter hvert år?

Vi snakker selvfølgelig om mensen.

Her finner du tjueto ulike og personlige bidrag, alt fra noveller til sakprosa, fotografier til brev, dikt til tegneserier, skrevet av forfattere, bloggere, musikere og samfunnsdebattanter, i den første norske boka om mensen.
09
Agnes Ravatn har tråla Narvesens bladhyller, og sett seg godt til rette i godstolen.

Ho tar oss med til ei insisterande og til tider skremmande verd, der urealistiske ideal og massiv behovsskaping regjerer. Ein monotoni, i nummer etter nummer, som får oss til å stille spørsmål som: Kva er det eigentleg dei vil med oss, desse blada? Er det rein underhaldning og eskapisme, eller skildrar dei noko som for mange er ei verkelegheit?

Agnes Ravatn tar jaktblada på kornet og pornoblada på dei mest erogene soner, ho lar blada tale for seg sjølv, men ho tar også bladet frå munnen. Les, lær og le.
10
Stemmer er ein arena for dagens samfunnsspørsmål. Tekstane kan lesas frittståande, men samla vil dei gi eit bilde av kva som rører seg i Noreg i 2013. Prosjektet handlar ikkje om kva det vil seie å vere kvinne, men kva kvinner vil seie.

Agnes Ravant var eit sjølvsagt ønske til Stemmer-serien, sjølv om den unge forfattaren ikkje berre var begeistra for oppgåva. Langdiktet Ikkje er ein tekst med motstand, og med ein ambivalens som er verd å lytte til.