Author bio

Author Image

Anders Totland - book author

Anders Totland is the author of books: Engel i snøen, Så lenge ingen ser oss, Vintertonar, Nedteljing, Den norske slavehandelen, Nattmannen, Vampyrane i eplehagen, Fantasiboka, Tid for ti - 2020

Author Signature

Author Books

#
Title
Description
01
Knallsterk og vakker ungdomsroman om livets uunngåelige brutalitet.

– Det er ikkje lenge til no, sa Idun.
– De treng ikkje laga til noko for meg, sa eg.
Idun smilte.
– Klart me skal det, sa Idun.
– Nei, det går bra, sa eg.
– Er du redd det skal bli for mykje styr for deg?
Eg nikka svakt.
– Har du veldig mykje vondt?
Eit nytt nikk.
– Men ikkje sei noko til pappa, sa eg.

Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen.
Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystalla.
Nokon vil ikkje at pappa skal vite at ein har vondt, sjølv om pappa veit at ein er sjuk, veldig sjuk.
Nokon har snart bursdag.
Nokon skal snart døy.
02
Ein ungdomsroman som merkar deg. Det er ingen som ser oss her, seier Ole, den nye stefaren til Jon. Jon har hatt ein del av dei. Men Ole er annleis. Han lagar pannekaker, legg frem gymtøy og passar på at det er nok mat i huset til nistepakkar. Han melder seg til og med som trenar for det nye gutefotball-laget i bygda! Og er skikkelig nøye og ordentleg. Han blir til og med med inn i garderoben for å passa på at alle dusjar etter trening. Ja, Ole er verkeleg super. Ein dag spør han om Jon vil vera med på campingtur. Berre dei to! Jon blir flau av glede. Klart han vil! Det er berre det at Ole ikkje er heilt den same på camping som elles. Og Jon er ikkje den same etterpå. Men kven vil tru på Jon når han til slutt fortel det som må forteljast?
03
Kan ein reparere ein knust familie?

«Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg?»

Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven.

Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom.
04
Viggo er forelska i kjærasten til bestekameraten. Situasjonen er heilt håplaus, fram til Viggo blir introdusert for konseptet chatroulette. I motsetning til jentene på skulen, er jentene han møter på internett som henta ut av ein våt draum. Men kva skjer når draumen blir til mareritt?
05
Du har kanskje høyrt om slavehandelen og tenkt at det var slikt dei dreiv med i USA i gamle dagar.
Men visste du at det også var nordmenn som deltok, både på skipa, på slaveforta i Afrika og i koloniane på andre sida av havet?
Det er ei historie om sjukdom og død, opprør og straff. Men òg om ei ny verd med nye sjansar for den som visse å spela korta sine rett.
06
Hentet fra Gyldendal:

Nattmannen var han som tok seg av avfallet, flådde hester og ryddet etter at bøddelen hadde gjort sitt. Dette yrket ble sett på som fullstendig æreløst, og folk trodde helt på alvor at nattmannen var smittsom.

En av de ti sanne historiene i boka handler om rakkerungene som ble så dårlig behandlet at kongen måtte trå til. Vi får også høre om banden fra Nattmannshaugen i Oslo som herjet vilt og endte i galgen og om et lik som satte en hel by på hodet, siden ingen ville ta på seg jobben med å bære det til graven.

Nattmannen handler om ære og skam, og hva det gjør med et menneske og en gruppe å bli satt på utsiden av det gode fellesskapet.

Boka er illustrert i tegneserieaktig stil av Kristian Krohg-Sørensen.

«Totland skriver tørrvittig og poengtert om skjebnene til nattmennene på en måte som ikke bare er underholdende, men som også øker forståelsen av vår forhistorie.» Egon Låstad i Prosa
08
Etter dei fire kritikarroste og prislønna første bøkene Godnattboka, Eventyrboka, Trøysteboka og Monsterboka har forfattarane i denne boka lagt forteljingane bort frå det kvardagslege og til univers fulle av fabelaktige fantasivesen. Her møter du trådsneller som snakkar, dykkarklokker som går på land og Vesle som aldri har sett noko så merkeleg som eit menneske. Og om du ikkje har møtt verken ein grublebakkedink eller ein knurrebakkedink før, blir du kjent med dei her. Fantasiboka er den femte og siste boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar - antologiane som etter kvart har blitt klassikarar og samleobjekt i mange hus. Bøkene er for heile familien og fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing. Også denne gongen er boka illustrert av Gunvor Rasmussen som for første gong også har skrive si eige forteljing.
09
Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Tid for ti er ein antologi med tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk. Tid for ti er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar.